Ein studentorganisasjon i Sogndal

På vatnet, i vatnet – og under det.

Havkajakk, elvekajakk, surf, dykking og fridykking. Vi held kurs, arrangerer turar og har utstyret du treng. Nybyrjar eller rutinert – hopp uti.

Bli medlemKjøp billettar

Dette driv vi med

Surf

Fleire gonger i semesteret køyrer vi til Stad og surfar heile helga. Bli med, sjølv om du aldri har stått på brett før.

Ansvarleg: Jesper

Havkajakk

Padleturar på fjorden, frå kveldsturar til helgeturar. Ta innføringskurset og få våttkort, så kan du låne kajakk hos oss.

Ansvarleg: Oda

Elvekajakk

Kurs og turar i elvane rundt Sogndal. Lær teknikk, redning og å lese elva – og bli med i den faste elvegruppa.

Ansvarleg: Maxi

Dykking

Under fjordflata, med flasker eller på eitt pust. PADI Open Water-kurs, og med sertifikat lånar du dykkeutstyret gratis.

Ansvarleg: Eirik

Kvar veke

Fast program gjennom semesteret. Det meste er gratis eller billeg.

Annakvar onsdag

Onsdagspadling med DNT

Havkajakk på fjorden saman med Sogndal Turlag.

Meld deg på
Annakvar veke

Lustrabadet

Vassklie, stupebrett, symjebaner, varmebasseng og badstove. Avreise frå Meieriet kl. 17.00, vi fordeler oss i bilane. Gratis, men avgrensa med billettar.

Har du teke ein gratisplass, møt opp. Får du forfall, gje beskjed så fort som mogleg, så går plassen til nokon på ventelista.


Hent billett
Kvar veke

Elvekajakk

Eiga gruppe for dei som har fullført grunnkurset. Tidspunkt avtaler vi i fellesskap. Har du erfaring? Ta kontakt med Maxi på 941 81 844.

Ring Maxi
Tor 07:30 · Søn 12:00

Badeklubben

Morgonbad ved Folkehøgskulebryggja med kaffi, kakao og av og til noko søtt. Ta med eigen kopp! Badeklubben er ei undergruppe i Sjøspretten – du treng ikkje vere medlem for å bli med.

Glimt frå sesongen

Sjå alle bileta

Kvar månad

Nytt! Den 1. kvar månad

Vannvittig

1–2 morosame påfunn med vatn. Lågterskel, billeg og garantert gøy – vi har mellom anna rodd og segla med råsegl i tradisjonelle trebåtar.

1–2 gonger i månaden

Bading og frukost

Etter morgonbadinga blir det frukost på laben. Takk til Frifond, som gjer dette mogleg.

Éin gong i månaden

Naustet SEAnema

Naustet blir Noregs koselegaste kinosal med sjøfilmar som Titanic, Oppdrag Nemo og Aquaman. Du stemmer på filmen på Instagram – billettar på Hoopla.

Helgeturar hausten 2026

  1. 28.–30. aug

    Bre- og kajakktur

    Styggevatnet

  2. 4.–6. sep

    Surfetur

    Stad

  3. 18.–20. sep

    Vossatur med Lurkarlaget

    Elvekajakk, havpadling i Nærøyfjorden eller klatring – så rafting eller vindtunnel.

  4. 25.–27. sep

    Sjoatur

    Elvekajakk, krev grunnkurs

  5. 10. okt

    Skolestrekket Open

    For publikum og padlarar

  6. 16.–18. okt

    Surfetur

    Stad

  7. 23.–25. okt

    Balestrand

    Kajakk, RIB-tur og utefilm ved dagsturhytta

  8. 30. okt–1. nov

    Surfetur og halloweenfest

    Stad

  9. 6.–8. nov

    Dykketur til Kalvåg

    Du får god mat på turen

  10. 27.–29. nov

    Julebord på Stad

    Smalahove, badstove, surf, elvekajakk og god stemning

Kjøp billett til tur

Kurs

Vi held kurs ved etterspurnad. Følg @sjospretten for nye datoar.

Havkajakk

Innføringskurs som gjev våttkort: bering, sjøsetting, padleteknikk, redning og tryggleik. Ein kveld frå kl. 16.00, alt utstyr er med.

Elvekajakk

Populært todagarskurs med grunnleggjande teknikk og tryggleik. Du kan låne alt utstyret hos oss.

Dykking

PADI Open Water-kurs som sertifiserer deg som dykkar. Med sertifikat lånar du dykkeutstyret vårt gratis.

Mannskapet

Kaptein
Linn
Leiar
Styrmann
Oskar
Nestleiar
Skattemester
Hanna
Økonomiansvarleg
Signaloffiser
Nora
Kommunikasjonsansvarleg
Båtoffiser
Oda
Havkajakkansvarleg
Boofeinstruktør
Maxi
Elvekajakkansvarleg
Surfeoffiser
Jesper
Surfeansvarleg
Akvaman
Eirik
Dykkeansvarleg

Bli medlem

400kr · Medlem
600kr · Dykkemedlem

Medlemskapet gjeld ut kalenderåret. For elvepadling, havpadling, dykking og fridykking kjem det treningsavgift i tillegg. Har du ikkje råd? Ta kontakt, så finn vi ei løysing.

Meld deg inn på Min idrettBillettar på Hoopla

@sjospretten

Turbilete, kursinfo og påmelding dukkar opp på Instagram først. Følg med, så går du ikkje glipp av neste tur.

Følg oss på Instagram

Sei hei!

Lurer du på noko om turar, kurs eller utstyr? Send oss ei melding – vi svarar så fort vi er tørre på henda.

Finn oss

Sjøspretten, c/o SISOF
Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Korleis finne Akvakulturen

Sjøspretten, studentorganisasjon i Sogndal sidan 1992